Fortsatt båndtvang

Hunder kan berre vere lause når dei blir følgt og kontrollert på ein aktsam måte. Det er ordinær bandtvang i tida frå og med 1. april til og med 20. august.

Øystre Slidre kommune har og ei lokal forskrift om hundehald som mellom anna angir forlenga bandtvang i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar frå og med 21. august til og med 30. september.

I tillegg angir den lokale forskrifta om hundehold at bandtvang gjeld heile året i og i tilknyting til bustadområder og handleområder og i enkelte skiløyper. Det same gjelder i parker, på gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for lek, idrett og sport.

Med bandtvang meiner denne forskrifta at hunden skal holdast fysisk i band, eller vere forsvarlig inngjerda eller innestengt.

Den utvida bandtvangen med omsyn til beitedyr i perioda frå og med 21. august til og med 30. september gjeld ikkje for hundar brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver jf. hundeloven § 9 første ledd bokstav f.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Forvaltningsplanutkast for verneområdene i Langsua - offentlig høring

Neste
Neste

Jaktcamp: Introjakt hare og rype i Øystre Slidre statsallmenning