Fjelloppsyn
Fjellstyret kan med heimel i § 36 i fjellova tilsette fjelloppsyn for å føre tilsyn med statsallmenninga. Fjelloppsynets arbeidsoppgåver er nedteikna i ein eigen oppsynsinstruks. Denne er fastsett av Landbruks- og matdepartementet (delegert til Statskog) i samråd med politiet og SNO.
Fjelloppsynet skal:
utføre nødvendig saksbehandling og administrasjon for fjellstyret
føre tilsyn med statsallmenninga for staten som grunneigar
drive informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, registreringar og naturovervåking
utøve tilsyn i høve til privatrettslege og offentleg rettslege reglar på statsallmenning, herunder lover nemnt i lov om statleg naturoppsyn (motorferdselslova, friluftslova, kulturminnelova, innlandsfiskelova, fjellova, viltlova, naturvernlova og deler av forureiningslova)
Fjelloppsynet har politimynde og er underlagt lensmannen i dette arbeidet.
Tilsette
Anne Frugård
Dagleg leiar/fjelloppsyn
mob. 99 55 18 44
Anne har ikkje faste kontordager pga. væravhengig utearbeid. Om du har ynskje om samtale på kontoret om eit tema, ta kontakt så ordner vi det.
Ivar Skattebu
Sesongansatt fjelloppsyn (1.6 - 31.10.)
Nina Elizabeth Thon
Kontormedarbeidar/fjelloppsyn
tlf. 99 55 18 22