Statsallmenninga og Heimdalen

Fjellstyret forvaltar to eigedomar, som heng saman og  utgjer omlag 57 % av Øystre Slidre kommune:

Øystre Slidre statsallmenning (ca 497 000 daa):

I 1909 slo høgsterett fast at dette fjellområdet var statsallmenning. Etter lange rettsforhandlingar blei grensene for statsallmenninga fastsett av høgfjellskommisjonen i 1937.

saur.jpg
 

Eit parti av allmenninga sett ifrå Saur, mot nord. Skaget bak til høgre, Jotunheimen  til venstre i bildet.


Heimdalen (ca 53 000 daa).

Dette  er ikkje ei allmenning, men ein eigedom som staten kjøpte av private eigarar i 1952. Stortinget fylgde opp sin lovnad frå den gongen, i 1982, nemleg å føre Heimdalen tilbake til lokal forvaltning.  Med nokre unntak, gjorde stortinget vedtak om at Heimdalen skulle forvaltas etter fjellova. Dvs. at fjelltyret har de same oppgåver her som i statsallmenninga. 

heimdalen-sommer.jpg
 

Heimdalen sett mot aust. Gluptindane, Kvednhøe og Gråhøe i bakgrunn