Friluftsliv

isfiske-barn.jpg

Allemannsretten til fri ferdsel i utmark står svært sterkt i Noreg. Vis omsyn for beitedyra, viltet og naturen. Retten til fri ferdsel gjeld ikkje med motoriserte kjøretøy.

Både sumar og vinter er allmenninga mykje brukt til friluftsliv, også utanom jakt og fiske. Vi har område som er tilrettelagde med merka stigar om sumaren og skiløyper om vinteren, Vi har og store område som ikkje er tilrettelagde, men som likevel er lette å ferdast i. Her kan du søkje fred og ro.

Barn under 16 år har rett til å fiske utan å betale avgift (innlandsfiskeloven § 18). Øystre Slidre fjellstyre har utvida denne retten til å gjelde barn og ungdom fram til og med fyllte 20 år.

Det er bandtvang for hund frå 1. april til 30. september. Med "bandtvang" meines at alle hundar skal vera haldast i band eller væra forsvarleg innestengd i heile perioden. Det er m.a. unntak for politihundar og gjetarhundar under arbeid. Bruk av hund under lovleg jakt og jakthundtrening er tillate. Regelen handhevast av oppsynet.

Treffer du på sau i fjellet i oktober, eller skadde beitedyr som skulle vore frakta ned til bygda, kan du ringe: 90 92 63 39

 

Kart i målestokk 1:50 000  over Øystre Slidre og omland kr. 199, får du kjøpt i dei fleste butikkar, bensinstasjonar og turiststader. Du kan også bestille ved å sende oss en e-post.

 

Opne buer

Fjellstyret har 5 buer i statsallmenninga. Desse er opne heile året. Alle er gamle gjetarbuer med enkel standard. Fjelloppsynet køyrer ved og anna utstyr til buene, og varetrekk på senger skiftes ein gong kvart år. Standard utrustning i buene er:

  • 2 senger

  • Vedovn og ved

  • Propan med tre bluss

  • Kokekar

  • Enkelt service og bestikk

Har du med sovepose og mat vil du klare deg bra i desse buene året rundt.

NB! Dette er buer som er berekna for kortvarig privat bruk. Ingen kan "okkupera" desse over lengre tid. Og ingen kan avvisast, sjølv om nokon allereide bur i bua. Dette er eit viktig prinsipp! Buene har vært opne for allmenta i årtier og har vært brukt av mange. Ein slik ordning er avhengig av at alle ryddar og ordnar opp etter seg.

Om buene:

fjelldokkbua.jpg

Fjelldokkbue

(GPS koordinat: 32V 52270-679026)

Bua ligg like nord for Fjelldokkvatnet, nær grensa til Gausdal. Ein kan enten gå frå Flakstad eller sykle frå Etnestølen og inn på vegen til Haldorbu og gå derifrå.

plankebue.jpg

Plankebue

(GPS koordinat: 32V 51754-679447)

 Denne ligg på grensa mellom Øystre Slidre og Gausdal. Hit kan ein gå frå Storeskag eller sykle frå Etnestølen som for Fjelldokkbue.

 

titrebue.jpg


Titrebue

(GPS koordinat: 32V 50421-680024)

Ligg sør for demningen mellom Øvre og Nerre Bjødnhølen. Demningen er også det beste utgangspunktet for å nå bue.

Fjelldokkbue, Plankebue og Titrebue ligg innanfor Langsua nasjonalpark.

sandbakkbue.jpg

Sandbakkbue

(GPS koordinat 49229-681035)

Denne bua ligg ved Øvre Heimdalsvatnet  i Heimdalen. Beste utgangspunkt for denne er frå riksveg 51 ved Heimdalsmunnen

nybue.jpg

Nybue

(GPS koordinat 32V 49631-680975)

Denne bua ligg ved Nerre Heimdalsvatnet i Heimdalen. Denne er også best tilgjengeleg frå Heimdalsmunnen.

 

HYTTEUTLEIE