Støl og beite

 Mjølkekyr på saftig fjellbeite ved Mørstadstølen, Vinstre.

Mjølkekyr på saftig fjellbeite ved Mørstadstølen, Vinstre.

Retten til allmenningsbruk som er knytt til jordbrukseigedom er regulert i Fjellloven § 2.  Retten kan berre nyttast så lenge det skjer gjennom drifta av eigedomen som jordbruk, og så lenge denne kan reknast som jordbrukseigedom. Jordbrukstilknytta_rettigheter.pdf

Bruken av støl, beite og tilleggsjord er regulert i Forskrift om seter og tilleggsjord i statsallmenning m.m. "Stølsforskriften"

Bygging på stølar er regulert i i kap. 4 i stølsforskriften. All bygging og endring av bygg må det søkjast fjellstyret om. Fjellstyret skal vurdere slike søknader ut i frå om stølen er i bruk, og om kor mange hus som trengst til stølsdrifta, herunder størrelse og standard. Søknadsskjema for bygging på støl. Dersom du treng meir informasjon kan du ta kontakt med fjellstyrekontoret.