Øystre Slidre fjellstyre

Øystre Slidre fjellstyre har 5 medlemmar som er valt av kommunestyret etter krav i Fjellova. Kommunen har inga instruksjonsmyndigheit over fjellstyret utover dette.

Fjellstyret sitt arbeidsfelt omfattar bl.a. beite, stølsbruk, jakt og fiske, oppsyn/informasjon, tilrettelegging for friluftsliv og støtte til lokal næringsutvikling. I sitt arbeid skal fjellstyret take vare på naturvern- og friluftsinteressene.