Fiske

  Vinsteraure på 1,5-2 kg på gytevandring i ein tillaupsbekk til Vinstre

Vinsteraure på 1,5-2 kg på gytevandring i ein tillaupsbekk til Vinstre

I statsallmenninga og Heimdalen er det tilsammen omlag 80 fiskevatten og tjedn som utgjer omlag 31 000 da vassareal i høgdelaget 850 til 1500 m.o.h.  Det er ingen større elver innanfor allmenninga, men omlag 10 mil med fiskeførande bekker og åer.

Fiskearter er typisk for nordre del av Valdres med reine aurevatten og nokre få vatten med abbor. Ørekyta som i stor grad er innført av sportsfiskere fra 1950 og fram til vår tid, er etablert i dei fleste vatna våre.

Det er bra med fisk i alle vatten i allmenninga. Fiskebestanden i dei fleste vatna har middels tettleik av fisk med god kvalitet. For dei som ikkje er kjend i området kan vi anbefale følgjande fisketurar:

  • Saur, ca 45 min. gange frå Tansberg eller frå grustaket ved Trøllåsen.

  • Skagstjedne, ca 1 time gange frå Storeskag.

  • Skreddalen, 4 vatn like ved bilveg.

  • Flytjedne og Fisketjedne på Valdresflya.


    Last ned
    Fiskeguide for Øystre Slidre Statsallmenning

Fiskereglar

Alle som siste året har vore og framleis er fast busette i Noreg, skal ha lik rett til å drive fiske med stong. Fiske med garn, line og oter er med få unntak berre tillate for dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Øystre Slidre.

Unntaket gjeld at det no er opna for at utanbygdsbuande kan løyse fiskekort for fiske med oter i 6 vann. Dette kortet gjeld også stongfiske i heile allmenningen og kan berre løysast  på inatur.no.

I tillegg er det opna for eit begrensa antalt kort/dag for fiske med oter på Vinstre. Dette kan også berre løysast på inatur.no

Fiske med stong er tillate heile året, med eit unntak: I bekker og åer er alt fiske freda i tida 15. september til og med 25. oktober.

Last ned Fiskereglar for Øystre Slidre Statsallmenning

Kjøp av fiskekort

Fjellstyret har følgjande ordningar for kortsalg:

  • I forretningar, turistader m.m. alle utsalgssteder

  • Selvbetjeningskort på infotavla i Heimdalsmunnen, ved stien ned til Øvre Heimdalsvatnet og i Sandbakkbue.  

  • Med bruk av mobiltelefon.

  • Kjøp på inatur.no

Viggo Sandvik i Vazelina Bilopphøggers har gjort "fisking i Valdres" til eit omgrep. Rettighetseigare i Valdres har fylgt opp dette med eit felles fiskekort for ein del fiskelokalitetar i heile valdres. Se eigne nettsider

Det finnast mange organiserte fiskekortområder utanfor allmenninga i Øystre Slidre. Dei fleste av desse er små med eit eller nokre få vatten. Eit unntak frå dette er hovedvassdraget nede i dalbotten som har felles fiskekort.

Særrettar og fiskekort

I Øystre Slidre statsallmenning er det fleire vatn som heilt eller delvis omfattast av privat eiendom eller særrettar.

§ 1 i Fjellova: "Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova"

Skindroåne og ei lita vik i Vinstre ved Skindro (Skindrofisket) er ein særrett i statsallmenningen

Private vatn som ligg innenfor allmenningens yttergrenser:

  • I Vinstre: Melby sameige og Hålien sameige (Vang kommune).

  • Øvre og Nedre Bjødnhølen

  • Fjelldokkvatnet

  • Veslevatnet, Midtvatnet og Høvssjøen

Fiskekort og fiskereglar:

Alle desse rettane er anten eigedomsvatn, eller særrettar som er knytt opp til ein eller fleire eigedomar i bygda. Dei som innehar desse særrettane skal ikkje løyse fiskekort eller følgje fiskereglane for Øystre Slidre statsallmenning, når fisket går føre seg innanfor område der retten gjeld. Derimot må dei følgje sentrale forskrifter med heimel i "lov om laksefisk og innlandsfisk".

Det finns ingen andre særrettar til fiske i Øystre Slidre statsallmenning enn desse som er nemnd her. Dvs. at alle andre må løyse fiskekort før fisket tek til, og følgje fjellstyrets fiskereglar.

Fiskekortet er ikkje betaling for "rett" til fisket. Men er ei avgift som jf. forarbeida til Fjellova av 1975, skal gå til "administrasjon", "fiskekultur" og "fiskeoppsyn". Det er fjellstyret som administrerar bl.a. fiskeretten i statsallmenningen. Rett til fisket er heimla i Fjellova, og den betalast det ikkje noko for.

Utlån av båter

Fjellstyret har lagt ut tre båtar til gratis bruk. Ein ved Rjupetjednet, ein ved Stortjednet aust for Skaget og ein i Storetjednet i Skreddalen. Båtane brukast på eige ansvar. Det står oppslag på stedet om bruken, 4 flytevestar ligg i ei kasse ved båten og er meint skal brukast. Eit tilbod som dette er avhengig av at alle brukarar tek hensyn til utstyret og at ingen legg beslag på båten over lengre tid.

Med værforbehold vil batane ligge ute i perioden 25. juni til 15. september. Ved feil eller manler ved utstyret, kontak fjellstyret tlf 61 35 25 48  mob. 99 55 18 44

Båt ved Storetjednet i Skreddalen

 

Båt ved Rupetjednet på Valdresflya:

 

Båt ved Stortjednet nord-aust for Skaget:

 

Fiskekort for Innenbygdsboende

Oterfiske i Vinstre

Stang og oterfiskekort