elgtransportElg er den einaste storviltarten som kan jaktast i Øystre Slidre statsallmenning. Det finnast nokre eksemplarar av både hjort og rådyr, men dei er få og det er ikkje grunnlag for jakt på desse artane.

Fjellstyret administerar elgjakta i statsallmenninga, som er inndelt i 8 jaktfelt.  Informasjon om elgjakta i Øystre Slidre statsallmenning finn du på inatur.no. Alle jaktfelt har jaktlag med kontrakt ut 1919. Det lyses ut 4 års kontrakter fra og med 2020.

Alt jaktbart elgterreng ligg mellom 900 og 1200 moh. Kvotene dei siste åra har vore 2-3 dyr på kvart jakfelt årleg. 


Ledige jaktfelt lysast ut i mars/april med søknadsfrist 30. april. Utlysing og søknad skjer via internett på inatur.no, og der blir det også lagt ut informasjon om og kart over dei ledige jaktfelta. Du kan også søkje skriftleg på elgjakt. I så fall tek du kontakt med Steinkjer fjellstyre på tlf. 74 14 07 70. Steinkjer fjellstyre organiserar ein felles søknadsprosess på all ledig elgjakt på statsallmenning i Sør-Noreg. 

 



Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes