Elgjakt
Elg er den einaste storviltarten som kan jaktast i Øystre Slidre statsallmenning. Det finnast nokre eksemplarar av både hjort og rådyr, men dei er få og det er ikkje grunnlag for jakt på desse artane.
Fjellstyret administerar elgjakta i statsallmenninga, som er inndelt i 6 jaktfelt. Informasjon om elgjakta i Øystre Slidre statsallmenning finn du på inatur. Alle jaktfelt er på kontrakt med jaktlag til og med 2011.
Alt jaktbart elgterreng ligg mellom 900 og 1200 moh. Kvotene dei siste åra har vore 3 dyr på kvart jakfelt årleg.
Jakta tildeles som 4-års kontrakter. Ledige jaktfelt lysast ut i mars/april med søknadsfrist 30. april. Utlysing og søknad skjer via internett på inatur.no, og der blir det også lagt ut informasjon om og kart over dei ledige jaktfelta. Du kan også søkje skriftleg på elgjakt. I så fall tek du kontakt med Steinkjer fjellstyre på tlf. 74 14 07 70. Steinkjer fjellstyre organiserar ein felles søknadsprosess på all ledig elgjakt på statsallmenning i Sør-Noreg.
Generelle regler for søknad og tildeling av elgjakt finner du her. Lokale bestemmelser finner du her









