Opne buer
Fjellstyret har 5 buer i statsallmenninga. Desse er opne heile året. Alle er gamle gjetarbuer med enkel standard. Fjelloppsynet kjøyrer ved og anna utstyr til buene, og varetrekk på senger skiftes ein gong kvart år. Standard utrustning i buene er:
-
2 senger
-
Vedovn og ved
-
Propan med tre bluss
-
Kokekar
-
Enkelt service og bestikk
Har du med sovepose og mat vil du klare deg bra i desse buene året rundt.
NB! Dette er buer som er berekna for kortvarig bruk av alle. Ingen kan "okupera" desse over lengre tid. Og ingen kan avvisast, sjølv om nokon allereide bur i bua. Dette er eit viktigt prinsipp! Buene har vært opne for allmenta i årtier og har vært brukt av mange. Ein slik ordning er avhengig av at alle ryddar og ordnar opp etter seg.
Om buene:

Fjelldokkbue:
Bua ligg like nord for Fjelldokkvatnet, nær grensa til Gausdal. Ein kan enten gå frå Flakstad eller sykle frå Etnestølen og inn på vegen til Haldorbu og gå derifrå.

Plankebue:
Denne ligg på grensa mellom Øystre Slidre og Gausdal. Hit kan ein gå frå Storeskag eller sykle frå Etnestølen som for Fjelldokkbue.

Titrebue:
Ligg sør for demningen mellom Øvre og Nerre Bjødnhølen. Demningen er også det beste utgangspunktet for å nå bue.

Sandbakkbue
Denne bua ligg ved Øvre Heimdalsvatnet i Heimdalen. Beste utgangspunkt for denne er frå riksveg 51 ved Heimdalsmunnen

Nybue:
Denne bua ligg ved Nerre Heimdalsvatnet i Heimdalen. Denne er også best tilgjengeleg frå Heimdalsmunnen.









