Fjellstyret har 5 buer i statsallmenninga. Desse er opne heile året. Alle er gamle gjetarbuer med enkel standard. Fjelloppsynet kjøyrer ved og anna utstyr til buene, og varetrekk på senger skiftes ein gong kvart år. Standard utrustning i buene er:

  • 2 senger
  • Vedovn og ved
  • Propan med tre bluss
  • Kokekar
  • Enkelt service og bestikk

Har du med sovepose og mat vil du klare deg bra i desse buene året rundt.

NB! Dette er buer som er berekna for kortvarig bruk av alle. Ingen kan "okupera" desse over lengre tid. Og ingen kan avvisast, sjølv om nokon allereide bur i bua. Dette er eit viktigt prinsipp! Buene har vært opne for allmenta i årtier og har vært brukt av mange. Ein slik ordning er avhengig av at alle ryddar og ordnar opp etter seg.

 

Om buene:
 

 


fjelldokkbua

Fjelldokkbue (GPS koordinat: 32V 52270-679026)

Bua ligg like nord for Fjelldokkvatnet, nær grensa til Gausdal. Ein kan enten gå frå Flakstad eller sykle frå Etnestølen og inn på vegen til Haldorbu og gå derifrå.

 










plankebue

Plankebue (GPS koordinat: 32V 51754-679447)

 Denne ligg på grensa mellom Øystre Slidre og Gausdal. Hit kan ein gå frå Storeskag eller sykle frå Etnestølen som for Fjelldokkbue.

 








 

 

 

 



titrebue
Titrebue GPS koordinat: 32V 50421-680024

Ligg sør for demningen mellom Øvre og Nerre Bjødnhølen. Demningen er også det beste utgangspunktet for å nå bue.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 


Fjelldokkbue, Plankebue og Titrebue ligg innanfor Langsua nasjonalpark.

 

 




sandbakkbue
Sandbakkbue (GPS koordinat 49229-681035)

Denne bua ligg ved Øvre Heimdalsvatnet  i Heimdalen. Beste utgangspunkt for denne er frå riksveg 51 ved Heimdalsmunnen

 










nybue

Nybue GPS koordinat 32V 49631-680975

Denne bua ligg ved Nerre Heimdalsvatnet i Heimdalen. Denne er også best tilgjengeleg frå Heimdalsmunnen.

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes