linje2

Oppsummering av Fjellstafetten 2011

Fjellstafetten vart i år arrangert for tiande gong. Det er niande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. Desse får ein asjett med motiv frå ein av toppane i premie. Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei t-skjorte.

Namna  i bøkene fordelar seg slik: 

Rundemellen 1466

Gravolskampen  1196

Fisketjernnuten   1148

Melbyfjellet   1093

Løkjishøvda   1089

Skaget    1088

Brummaknatten   973

Gravfjellet   904

Fullsennknatten    887

Javneberget   881

Saurshøgda   792

Sørre Brurskarsknatten  784

Det er trekt ut 28 tilfeldige namn frå bøkene. 14 av dei får ei kartmappe med kompass tilsendt i posten, medan 14 får ein turkopp i premie.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå ein av toppane, måla av Lynn Hege Røyne Myrvang, og ei korg med frukt.