isfiske-barnAllemannsretten til fri ferdsel i utmark står svært sterkt i Noreg. Vis omsyn for beitedyra, viltet og naturen. Retten til fri ferdsel gjeld ikkje med motoriserte kjøretøy.

 
Både sumar og vinter er allmenninga mykje brukt til friluftsliv, også utanom jakt og fiske. Vi har område som er tilrettelagde med merka stigar om sumaren og skiløyper om vinteren, Vi har og store område som ikkje er tilrettelagde, men som likevel er lette å ferdast i. Her kan du søkje fred og ro.

Barn under 16 år har rett til å fiske utan å betale avgift (innlandsfiskeloven § 18). Øystre Slidre fjellstyre har utvida denne retten til å gjelde barn og ungdom fram til og med fyllte 20 år.
 
 
 
 
 

Det er bandtvang for hund frå 1. april til 30. september. Med "bandtvang" meines at alle hundar skal vera haldast i band eller væra forsvarleg innestengd i heile perioden. Det er m.a. unntak for politihundar og gjetarhundar under arbeid. Bruk av hund under lovleg jakt og jakthundtrening er tillate. Regelen handhevast av oppsynet.

Treffer du på sau i fjellet i oktober, eller skadde beitedyr som skulle vore frakta ned til bygda, kan du ringe: 90 92 63 39
 
 
 



kart 2015 2
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kart i målestokk 1:50 000  over Øystre Slidre og omland kr. 199, får du kjøpt i dei fleste butikkar, bensinstasjonar og turiststader. Eller bestill ved å sende en Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. til kontoret.

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes