i heimdalen 2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellstyret kan med heimel i § 36 i fjellova tilsette fjelloppsyn for å føre tilsyn med statsallmenninga. Fjelloppsynets arbeidsoppgåver er nedteikna i ein eigen oppsynsinstruks. Denne er fastsett av Landbruks- og matdepartementet (delegert til Statskog) i samråd med politiet og SNO.

 
Fjelloppsynet skal:

  • utføre naudsynt saksbehandling og administrasjon for fjellstyret
  • føre tilsyn med statsallmenninga for staten som grunneigar
  • drive informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, registreringar og naturovervåking
  • utøve tilsyn i høve til privatrettslege og offentleg rettslege reglar på statsallmenning, herunder lover nemnt i lov om statleg naturoppsyn (motorferdselslova, friluftslova, kulturminnelova, innlandsfiskelova, fjellova, viltlova, naturvernlova og deler av forureiningslova)

Fjelloppsynet har politimyndigheit og er underlagt lensmannen i dette arbeidet.

 

Øystre Slidre fjellstye har tre fast tilsette:

 ansatte 2

 

  • Reidar Gran, dagleg leder/fjelloppsyn, 100 % stilling, mob. 995 51 844
  • Ivar Skattebu,  sesongansatt fjelloppsyn (1.6 - 31.10.)
  • Nina Elizabeth Thon, kontormedarbeidar (50% stilling)

Nina har faste kontordagar kvar tirsdag og fredag, og annan kvar måndag. Kontortida er noko fleksibel, men ho kan som oftast treffast mellom 8.30 og 15.30, på tlf. 61 35 25 48.

Reidar har ikkje faste kontordager pga. væravhengig utearbeid. Om du har ynskje om samtale på kontoret om eit tema, ta kontakt så ordnar vi det.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes