linje2

Særrettar og fiskekort

I Øystre Slidre statsallmenning er det fleire vatn som heilt eller delvis omfattast av særrettar.

§ 1 i Fjellova: "Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova"

Vatn med særrett i Øystre Slidre statsallmenning:
-I Vinstre er det 3 særrettar: Melby sameige, Hålien sameige (Vang kommune) og Skindrofisket.

-Øvre og Nedre Bjødnhølen

-Fjelldokkvatnet

-Veslevatnet, Midtvatnet og Høvssjøen

Fiskekort og fiskereglar:
Alle desse rettane er anten eigedomsvatn, eller særrettar som er knytt opp til ein eller fleire eigedomar i bygda. Dei som innehar desse særrettane skal ikkje løyse fiskekort eller følgje fiskereglane for Øystre Slidre statsallmenning, når fisket går føre seg innanfor område der retten gjeld. Derimot må dei følgje sentrale forskrifter med heimel i "lov om laksefisk og innlandsfisk".

Det finns ingen andre særrettar til fiske i Øystre Slidre statsallmenning enn desse som er nemnd her. Dvs. at alle andre må løyse fiskekort før fisket tek til, og følgje fjellstyrets fiskereglar.

Fiskekortet er ikkje betaling for "rett" til fisket. Men er ei avgift som jf. forarbeida til Fjellova av 1975, skal gå til "administrasjon", "fiskekultur" og "fiskeoppsyn". Det er fjellstyret som administrerar bl.a. fiskeretten i statsallmenningen. Rett til fisket er heimla i Fjellova, og den betalast det ikkje noko for.