I Øystre Slidre statsallmenning er det fleire vatn som heilt eller delvis omfattast av privat eiendom eller særrettar.

§ 1 i Fjellova: "Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova"

Skindroåne og ei lita vik i Vinstre ved Skindro (Skindrofisket) er ein særrett i statsasllmenningen



Private vatn som ligg innenfor allmenningens yttergrenser:


-I Vinstre: Melby sameige og Hålien sameige (Vang kommune).

-Øvre og Nedre Bjødnhølen

-Fjelldokkvatnet

-Veslevatnet, Midtvatnet og Høvssjøen

Fiskekort og fiskereglar:
Alle desse rettane er anten eigedomsvatn, eller særrettar som er knytt opp til ein eller fleire eigedomar i bygda. Dei som innehar desse særrettane skal ikkje løyse fiskekort eller følgje fiskereglane for Øystre Slidre statsallmenning, når fisket går føre seg innanfor område der retten gjeld. Derimot må dei følgje sentrale forskrifter med heimel i "lov om laksefisk og innlandsfisk".

Det finns ingen andre særrettar til fiske i Øystre Slidre statsallmenning enn desse som er nemnd her. Dvs. at alle andre må løyse fiskekort før fisket tek til, og følgje pdffjellstyrets fiskereglar.

Fiskekortet er ikkje betaling for "rett" til fisket. Men er ei avgift som jf. forarbeida til Fjellova av 1975, skal gå til "administrasjon", "fiskekultur" og "fiskeoppsyn". Det er fjellstyret som administrerar bl.a. fiskeretten i statsallmenningen. Rett til fisket er heimla i Fjellova, og den betalast det ikkje noko for.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes