Fjellstafettlogo - Klikk for stort bileteFjellstafetten vart i år arrangert for fjortande gong. Det er trettande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. I år var det rekordstor deltaking med totalt 16969 namn i bøkene.  599 personar har vore på ti toppar og det er også ny rekord.  Desse får ein asjett med motiv frå Rundemellin og Kælvemellin i premie. Lidar skule og Tingvang barnehage er vinnarar av skule- og barnehagekonkurransen

  • Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud T-skjorte.
  • Det er trekt ut 31 tilfeldige namn frå bøkene. 16 av dei får ei kartmappe med kompass tilsendt i posten og 15 får ein turkopp i premie.
  • Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 115,9  poeng i gjennomsnitt per elev. Tingvang barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 97 poeng pr. barn over 3 år. Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Rundemellin og Kælvemellin måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500 og Tingvang barnehage eit gåvekort på kr. 500 til kjøp av aktivitetsutstyr.

 

  • Talet på namn i bøkene:  16969
  • Namna fordelar seg slik:

Rundemellin  2673

Rabalsmellin 1881

Melbysfjellet 1660

Haugahøvda 1481

Kælvemellin 1339

Kjølafjellet 1270

Gravfjellet 1243

Javneberget 1218

Stryteberget 1198

Godtumen 1082

Snaue høgde 1031

Øystre Rasletinden 893

 

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes