sove ute











 Klargjort leirplass. Foto: Nina Thon.

Fjellstyret og kommunen markerer saman starten på Friluftslivets år 2015. Vi søv under open himmel, og  håpar at DU vil vere med.
Det blir leik, moro og aktivitetar på kvelden. Som seg hør og bør blir det også bål, pølsegrilling, egg i konvolutt og popkorn i badekar. Alle er velkomne! Skuleelevar er spesielt velkomne, men dersom du skal overnatte og kjem utan ein vaksen må dei sende ein sms til Anne (41630440) på førehand.

Alt er sjølvsagt gratis. 

 



Dato:     13. januar til 14. januar 2015

Tid:       kl.19.00 til ca kl.08.00

Stad:     Oppmøte ved Storeføssbakkin

Viss du lurer på noko kan du kontakte Anne Frugård på telefon 41630440. 

Mø håpar at du vil vere med!

Helsing Kjell, Anne, Nina og Reidar

Ta med deg:

  • Sovepose (to soveposar dobbelt fungerer bra på vinteren)
  • Liggeunderlag
  • Varme klede; hugs ullundertøy og lue
  • Eigen mat. Me serverer, pølser, drikke, popkorn og egg.
  • Og godt humør! 



Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes