skaget-i-vinterdrakt
Skaget i vinterdrakt med stølslaget Øystre Skag v/fjellfoten.  Foto: Reidar Gran

Brukarane av Øystre Slidre statsallmenning og Øystre Slidre Fjellstyre har fått stor tillit frå Regjeringa seier leiar i Øystre Slidre fjellstyre, Arne Prestegården. 7 års arbeid saman med gode samarbeidspartnarar som t.d. Norges Fjellstyresamband ga resultat. Det var svært gledeleg at Regjeringa gjekk med på å halde Heimdre-Skag utanom verna område, og at nesten alle dei andre stølane blir å forvalte som tidlegare, både på statleg og privat grunn.


Vi kan halde fram med ansvarleg forvalting av verdiane i stølsområda, slik at kulturlandskap og biologisk mangfald blir ivareteke.Vi må saman innfri forpliktingane, slik vi har lova.

Vi har ein krevjande og spanande jobb framfor oss med å vise at vi har fortent å få størstedelen av stølsområda unnatekne frå anna vern enn det som alt ligg i Plan- og bygningslova, Naturmangfaldlova og Fjellova.

Verneinteressene, kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet er avhengig av at stølsbruken held fram og er aktiv. Det forpliktar, ikkje minst når det gjeld å halde stølslandskapa opne..

Verneverdiane i fjella våre er store. Vi skal vise oss verdige til å bera ansvaret vidare, og går ut frå at Staten vil støtte oss m.o.t. skjøtsel og balansert næringsutvikling.

Vi står framfor eit stort arbeid med å utforme bruksanvisningane for dei verna områda. Forvaltningsplanane blir dei viktigaste dokumenta å leggje innsatsen i no. Kjølaåne naturreservat, Haldorbu landskapsvernområde og Øystre-Skag i Langsue nasjonalpark blir dei mest krevjande områda å ta i vare, slik at vi sikrar fornuftig og enkel bruk, med håp om utvikling "etter tida og tilhøva".

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes