stol-til-molorGarden Molor 36/10 i Øystre Slidre blei delt etter Jordloven i 2008. Det meste av jorda er seld til naboar. Garden har støl på Nørre Trollåsen i Øystre Slidre statsallmenning. Fjellstyret la stølen i det fri i 2002. Stølshusa er knytt til garden Molor. Eigaren av garden hadde ynskje om å miste allmenningsretten, og har ved fleire høve søkt om løyve til å omdisponere stølen på Nørre Trollåsen til fritidsfeste. Fjellstyret har ikkje gått inn for dette, då dei har meint at garden etter deling, framleis er ein liten landbrukseigedom med 17 da areal rundt husa, av dette 9 da jordbruksareal, heimstøl med 2 da og rettigheiter i statsallmenningen, Volbu sameige og i Volbufjorden. Garden Molor 36/10 kan framleis dra nytte av å behalde allmenningsretten i statsallmenningen.

Bildet viser stølen til Molor på Nørre Trollåsen i Øystre Slidre statsammenning. Foto: Øystre Slidre fjellstyre 

   

Tvist om Molor framleis har allmenningsrett, blir avgjort ved skjøn jfr. § 2 i fjelloven. Eigar av Molor har kravd skjøn.

Saka blei behandla i Valdres tingrett 6.11.2009. Tingretten kom fram til at Molor 36/10 ikkje har allmenningsrett i Øystre Slidre statsallmenning etter deling. Fjellstyret anka saka inn for overskjøn til Eidsiva lagmannsrett, der saka blei avgjort  20.9.2010. Lagmannsretten kom fram til det motsette; at Molor 36/10 har bruksrett i Øystre Slidre statsallmenning. Eigar anka denne avgjera inn for Høgsterett, som behandla saka den 10.3.2011. Høgsterett avsa følgjande dom 17.3.2011:

1. Anken forkastes. 2. Saksomkostninger for Høyesterett tilkjennes ikke.

Avgjørelsen i prøving av rettsanvendelsen av overskjønn, jf. fjelloven § 2 tredje ledd er nå lagt ut på domstol.no. Avgjørelesen kan du lese her

Med denne dommen står lagmannsrettens slutning ved lag. Molor gnr. 36 bnr. 10 i Øystre Slidre beheld allmenningsretten i Øystre Slidre statsallmenning.

Saken er prinsipiell. Viss fjellstyret hadde tapt saken, kunne det ha ført til konsekvensar for allmenningsretten for mange små gardsbruk i landet.
  

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes