skaget-i-vinterdrakt
Skaget i vinterdrakt med stølslaget Øystre Skag v/fjellfoten.  Foto: Reidar Gran

Brukarane av Øystre Slidre statsallmenning og Øystre Slidre Fjellstyre har fått stor tillit frå Regjeringa seier leiar i Øystre Slidre fjellstyre, Arne Prestegården. 7 års arbeid saman med gode samarbeidspartnarar som t.d. Norges Fjellstyresamband ga resultat. Det var svært gledeleg at Regjeringa gjekk med på å halde Heimdre-Skag utanom verna område, og at nesten alle dei andre stølane blir å forvalte som tidlegare, både på statleg og privat grunn.

mot_skaget_foto_reidar_gran_536x358Fredag 11.mars oppretta regjeringen (link) "Langsua nasjonalpark" (537 km2) med tilligjande verneområder, 4 landskapsvernområder og 5 naturreservater. To av desse er Haldorbu landskapsvernområde (58,6 km2) og Kjølaåne naturreservat (19,1 km2) som begge ligg i Øystre Slidre. Med unntak av Storeskag og Nystølen ved Bjødnhaug er alle stølsområder tatt ut av planen.

Mange tiår med forskning har overbevist nobelprisvinner Elinor Ostrom: Allmenning som styreform er effektivt og gir den mest bærekraftige forvaltningen av fellesressursene. Les meir og dette tema på denne linken

beitedyr-2Øystre Slidre kommune og Øystre Slidre fjellstyre arrangerer møte om følgjande tema i kommunestyresalen på
Tingvang torsdag 24. februar kl. 19.00

"Utmark og beite som ressurs for landbruket og bygda"


Forslag til revidert beiteavtale med Fram Reinlag (fjellstyresak 47/2010), ligg ute til effentleg ettersyn. Saka finn du her. Merknader til avtala må sendast skrifteleg til Øystre Slidre fjellstyre, Vindevegen 5, 2940 Heggenes innan 28.1.2011. Saka blir behandla i fjellstyremøte 7.2.2011.

kvit-rypefangstTida er inne for å sende inn jaktrapport etter småviltjakta. Innanbygdsbuande som har løyst jaktkort vil få att halve jaktkortprisen ved innlevering av jaktrapport innan 31.12.2010.

Dei som fortsatt vil jakte smårovvilt og drive snarefangst kan levere ein kopi av jaktrapporten no, og rapportere samla resultat seinare.

Det oppmodast til å drive jakt og fangst på smårovvilt i vinter. info. om denne jakta finn du her

Eigere av Kjølabu turisthytte søkjer om å få omdisponere turisthytta frå næringsbygg til fritidsfeste. Fjellstyret legg saken ut til offentleg ettersyn slik at dei bruksberettiga i området får høve til å gje uttale. Merknader sendast til Øystre Slidre fjellstyre, Vindevegen 3, 2940 Heggenes innan 26.11.2010. Saken handsamast av fjellstyret 6.12. Saksdokumenter finn du her

Saker etter møtet finn du her

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes