Elgkvoter og felling 2017:

 

I.bygds (IB)

U.bygds (UB)

Kvoter            Felte  dyr      
Jaktfelt  

kalv/

ungdyr

ku okse sum   kalv ungdyr ku okse SUM  
Vinsteren UB

2

 

 

2

 

 

 

 

 

   
Skaget UB

2

 

 

2

 

 

 

 

   1
 
Synhaugen IB

2

 

 1

3

 

 

 

 

1

 

 

Trollåslia IB

1

 1

 

2

        

 

 

 

 

 

 
Tansberg IB

2

 

 

2

 

 

 

 

 1
 
Rognsfeten IB

1

 

2

 

 1

 

 

 

Myrebær-

hamaren

IB

2

 

3

 

 2

 

 1    
Flakstad UB

1

 

 1

2

 

 

 

       
Sum  

13

3

18

 

 

 

       


Alle jaktfelt har kontrakter fra 2016-2019.

I Øystre Slidre statsallmenning er det fleire vatn som heilt eller delvis omfattast av privat eiendom eller særrettar.

§ 1 i Fjellova: "Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova"

Skindroåne og ei lita vik i Vinstre ved Skindro (Skindrofisket) er ein særrett i statsasllmenningen



Private vatn som ligg innenfor allmenningens yttergrenser:


-I Vinstre: Melby sameige og Hålien sameige (Vang kommune).

-Øvre og Nedre Bjødnhølen

-Fjelldokkvatnet

-Veslevatnet, Midtvatnet og Høvssjøen

Fiskekort og fiskereglar:
Alle desse rettane er anten eigedomsvatn, eller særrettar som er knytt opp til ein eller fleire eigedomar i bygda. Dei som innehar desse særrettane skal ikkje løyse fiskekort eller følgje fiskereglane for Øystre Slidre statsallmenning, når fisket går føre seg innanfor område der retten gjeld. Derimot må dei følgje sentrale forskrifter med heimel i "lov om laksefisk og innlandsfisk".

Det finns ingen andre særrettar til fiske i Øystre Slidre statsallmenning enn desse som er nemnd her. Dvs. at alle andre må løyse fiskekort før fisket tek til, og følgje pdffjellstyrets fiskereglar.

Fiskekortet er ikkje betaling for "rett" til fisket. Men er ei avgift som jf. forarbeida til Fjellova av 1975, skal gå til "administrasjon", "fiskekultur" og "fiskeoppsyn". Det er fjellstyret som administrerar bl.a. fiskeretten i statsallmenningen. Rett til fisket er heimla i Fjellova, og den betalast det ikkje noko for.

Fjellstyret har følgjande ordningar for kortsalg:

  • Selvbetjeningskort på infotavla i Heimdalsmunnen, ved stien ned til Øvre Heimdalsvatnet og i Sandbakkbue.  

Viggo Sandvik i Vazelina Bilopphøggers har gjort "fisking i Valdres" til eit omgrep. Rettighetseigare i Valdres har fylgt opp dette med eit felles fiskekort for ein del fiskelokalitetar i heile valdres. Se eigne nettsider

 

Det finnast mange organiserte fiskekortområder utanfor allmenninga i Øystre Slidre. Dei fleste av desse er små med eit eller nokre få vatten. Eit unntak frå dette er hovedvassdraget nede i dalbotten som har felles fiskekort.

Fjellstyret forvaltar to eigedomar, som heng saman og  utgjer omlag 57 % av Øystre Slidre kommune:

Øystre Slidre statsallmenning (ca 497 000 daa):
 I 1909 slo høgsterett fast at dette fjellområdet var statsallmenning. Etter lange rettsforhandlingar blei grensene for statsallmenninga fastsett av høgfjellskommisjonen i 1937.

saur
Eit parti av allmenninga sett ifrå Saur, mot nord. Skaget bak til høgre, Jotunheimen  til venstre i bildet.


Heimdalen (ca 53 000 daa).
Dette  er ikkje ei allmenning, men ein eigedom som staten kjøpte av private eigarar i 1952. Stortinget fylgde opp sin lovnad frå den gongen, i 1982, nemleg å føre Heimdalen tilbake til lokal forvaltning.  Med nokre unntak, gjorde stortinget vedtak om at Heimdalen skulle forvaltas etter fjellova. Dvs. at fjelltyret har de same oppgåver her som i statsallmenninga. 

heimdalen-sommer


















Heimdalen sett mot aust. Gluptindane, Kvednhøe og Gråhøe i bakgrunn

Følgjande prisar på jaktkort gjeld for 2017:

 Utanbygdsbuande:

dagskort

kr.

5 dager

kr

uke

kr

sesong 1

kr

Sesong 2 1)

kr

Smårovvilt

1.4. - 31-3. kr

220

880

1100

1650

1210

1

1) Sesong 2 gjelder fra 16. oktober.

Alt salg av jaktkort skjer på inatur.no

Innanbygdsbuande ved salg på inatur.no:

 dagskort

5 dagers

kort kr 

ukekort

kr 

sesongkort

kr 

smårovvilt

kr

 110 440 550  825  1

 Salg av jaktkort skjer både på inatur.no og ved utlegging i forretninger e.l.

Fjellstyret har med heimel i Fjellova fastsett at innanbygdsbuane skal betale halv pris på jaktkort. Dersom kjøp av jaktkort skjer i foretningar e.l.  er prisen den same som for utanbygdsbuande. Ved innlevering av jaktrapport innan 15. januar refunderes halve prisen.

Fjellstyret skriv ut gratis jaktkort til ungdom med alder 14 og 15 år (opplæringsjakt), når jakta utøves i tråd med § 6 i forkrift om jakt og fangst. Ordninga gjeld både innan- og utanbygdsbuende jegere. I periodar  med begrensa salg av jaktkort må det søkast om opplæringskort.

Fjellstyret har 5 buer i statsallmenninga. Desse er opne heile året. Alle er gamle gjetarbuer med enkel standard. Fjelloppsynet kjøyrer ved og anna utstyr til buene, og varetrekk på senger skiftes ein gong kvart år. Standard utrustning i buene er:

  • 2 senger
  • Vedovn og ved
  • Propan med tre bluss
  • Kokekar
  • Enkelt service og bestikk

Har du med sovepose og mat vil du klare deg bra i desse buene året rundt.

NB! Dette er buer som er berekna for kortvarig bruk av alle. Ingen kan "okupera" desse over lengre tid. Og ingen kan avvisast, sjølv om nokon allereide bur i bua. Dette er eit viktigt prinsipp! Buene har vært opne for allmenta i årtier og har vært brukt av mange. Ein slik ordning er avhengig av at alle ryddar og ordnar opp etter seg.

 

Om buene:
 

 


fjelldokkbua

Fjelldokkbue (GPS koordinat: 32V 52270-679026)

Bua ligg like nord for Fjelldokkvatnet, nær grensa til Gausdal. Ein kan enten gå frå Flakstad eller sykle frå Etnestølen og inn på vegen til Haldorbu og gå derifrå.

 










plankebue

Plankebue (GPS koordinat: 32V 51754-679447)

 Denne ligg på grensa mellom Øystre Slidre og Gausdal. Hit kan ein gå frå Storeskag eller sykle frå Etnestølen som for Fjelldokkbue.

 








 

 

 

 



titrebue
Titrebue GPS koordinat: 32V 50421-680024

Ligg sør for demningen mellom Øvre og Nerre Bjødnhølen. Demningen er også det beste utgangspunktet for å nå bue.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 


Fjelldokkbue, Plankebue og Titrebue ligg innanfor Langsua nasjonalpark.

 

 




sandbakkbue
Sandbakkbue (GPS koordinat 49229-681035)

Denne bua ligg ved Øvre Heimdalsvatnet  i Heimdalen. Beste utgangspunkt for denne er frå riksveg 51 ved Heimdalsmunnen

 










nybue

Nybue GPS koordinat 32V 49631-680975

Denne bua ligg ved Nerre Heimdalsvatnet i Heimdalen. Denne er også best tilgjengeleg frå Heimdalsmunnen.

 

 


Øystre Slidre fjellstyre har 5 medlemmar som er valt av kommunestyret etter krav i Fjellova. Kommunen har inga instruksjonsmyndigheit over fjellstyret utover dette.

Fjellstyret sitt arbeidsfelt omfattar bl.a. beite, stølsbruk, jakt og fiske, oppsyn/informasjon, tilrettelegging for friluftsliv og støtte til lokal næringsutvikling. I sitt arbeid skal fjellstyret take vare på naturvern- og friluftsinteressene.

 

 Nytt fjellstyre valgt for perioden 2016 - 2019:

 
 
Tor Skattebo, leder vara: Tove Grethe kolstad
Bente Oxhovd, nestleder      vara: Tord Dieserud Rogne
Ole Krisitan Oldre vara: Ellen Flatland
Stine Shlytter vara: Svein Oddvar Moen
Mari Rabben Lundby vara: Svein Høgsnes
 
 
 
 
 
 
 
           
 
 

i heimdalen 2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellstyret kan med heimel i § 36 i fjellova tilsette fjelloppsyn for å føre tilsyn med statsallmenninga. Fjelloppsynets arbeidsoppgåver er nedteikna i ein eigen oppsynsinstruks. Denne er fastsett av Landbruks- og matdepartementet (delegert til Statskog) i samråd med politiet og SNO.

 
Fjelloppsynet skal:

  • utføre naudsynt saksbehandling og administrasjon for fjellstyret
  • føre tilsyn med statsallmenninga for staten som grunneigar
  • drive informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, registreringar og naturovervåking
  • utøve tilsyn i høve til privatrettslege og offentleg rettslege reglar på statsallmenning, herunder lover nemnt i lov om statleg naturoppsyn (motorferdselslova, friluftslova, kulturminnelova, innlandsfiskelova, fjellova, viltlova, naturvernlova og deler av forureiningslova)

Fjelloppsynet har politimyndigheit og er underlagt lensmannen i dette arbeidet.

 

Øystre Slidre fjellstye har tre fast tilsette:

  

  • Anne Frugård, dagleg leder/fjelloppsyn, 100 % stilling, mob. 995 51 844
  • Ivar Skattebu,  sesongansatt fjelloppsyn (1.6 - 31.10.)
  • Nina Elizabeth Thon, kontormedarbeidar (50% stilling)

Nina har faste kontordagar kvar tirsdag og fredag, og annan kvar måndag. Kontortida er noko fleksibel, men ho kan som oftast treffast mellom 8.30 og 15.30, på tlf. 61 35 25 48.

Anne har ikkje faste kontordager pga. væravhengig utearbeid. Om du har ynskje om samtale på kontoret om eit tema, ta kontakt så ordner vi det.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp fiskekort via SMS

Kjøp direkte fra din mobil:
mobil 


inatur logo2 


nfs logo2
 

Kontakt oss:

Tlf: 61 35 25 48
Mob: 99 55 18 44
E-post: oystre.slidre@fjellstyrene.no
Kontordager: tirsdag og fredag

Adresse:

Øystre Slidre fjellstyre

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes